Energi og berekraft #
I ein tid der Internett er oversvømd av annonsar, videoar og skript som sporar kvar minste muserørsle, ønskjer eg å vere ein motvekt og byggje nettstader som bruker så lite energi som råd. Denne nettsida er statisk generert, så nettlesaren din bruker ikkje krefter på å byggje HTML-en sjølv. Enkelte sider lastar inn tredjeparts Javascript for å vise eit interaktivt kart, men det kjem berre i tillegg til teksten, som skal vere tilgjengeleg også for dei som har deaktivert Javascript. Der det er bilete, er dei ikkje større enn nødvendig. Eg håper difor at Ekvinor vil vere ein god oppleving også for dei som til dømes skulle ha ein 15 år gamal mobiltelefon på 2G-nettverket.
Sjølv om eg omtaler mange forskjellige stader rundt om i verda på nettsida, må det ikkje takast som ei oppmoding til å reise til stadene sjølv. Om noko av innhaldet på nettstaden skulle utløyse reisetrong, vil eg oppmode til å velje energieffektive reisemåtar som sykkel, tog, seilbåt eller haiking.