Dover og Astana
Dover ligg på bredda av den engelske kanalen, der sundet mellom Storbritannia og kontinentet er på sitt smalaste, berre 34 km. Her kan ein reise med ferje over kanalen, med utsikt til dei kvite klippene ved Dover. Dei serverer kaffi om bord på denne ferja, men kanskje ikkje svele. Eit solid steinkast mot aust finn du Astana, hovudstaden i Kasakhstan. Frå 2019 til 2022 hadde byen eit anna namn, Nur-Sultan, etter Kasakhstans første president. Kasakhstan er det største landet i verda som ikkje har kyst (Kaspihavet tel ikkje). Det er ikkje mogleg å reise med ferje til Astana.
- Førre: Windhoek og Rio de Janeiro
- Neste: Cape Town og Sydney