Accra og Banda Aceh
Accra er hovudstaden i Ghana i Vest-Afrika. Namnet stammar frå eit ord for «maur» på språket Akan, fordi det var mange maurtuver i området. Eit landemerke i byen er ei festning som Danmark-Norge bygde på 1600-talet, og som vart eit knutepunkt for Danmark-Norge i den atlantiske slavehandelen. Historia er ikkje alltid ven. Banda Aceh ligg i Indonesia, heilt mot nordvest på verdas sjette største øy, Sumatra. Då eit jordskjelv i Indiahavet i 2004 utløyste ein tsunami som drap meir enn 200 000 menneske, vart byen ein av dei hardest råka.
- Førre: Cape Town og Sydney
- Neste: Los Angeles og Fez