Titicaca og Sankt Helena
Titicaca-sjøen har for det første eit gøyalt namn. For det andre så ligg den høgt, 3812 meter over havet. Det er 1,54 Galdhøpiggar, det, og ingen høgareliggande sjøer har regulær trafikk. Området låg før under Inkariket, og har framleis mange ruinar.
Sankt Helena er ein øy langt ute i Sør-Atlanteren, og er eit britisk oversjøisk territorium. Øya er mest kjend på grunn av Napoleon, han vart nemlig sendt i eksil til Sankt Helena i 1815 etter napoleonskrigane, og døydde der seks år seinare.
- Førre: Sapporo og Niagarafallene
- Neste: Chicago og Roma