Timbuktu og Yangon
Mange hundre år før Timbuktu var ein svensk rappar, var det ein by i dagens Mali. I middelalderen spreidde ei oppfatning seg i Europa om at Timbuktu hadde ufatteleg rikdom. I røynda var nok rikdomen berre fatteleg, men det var uansett ein viktig handelsstad i utkanten av Sahara.
Yangon er den største byen i Myanmar og heim til den imponerande buddhistiske heilagdomen Shwedagon, ein pagode som strekk seg 112 meter over bakken. Myanmararane har også bygd ein kopi av denne pagoden i hovudstaden Naypyidaw, men den er heile 30 cm lågare.
- Førre: Chicago og Roma
- Neste: Oslo og St. Petersburg