Kraków og Praha
Praha ligg ved elva Vltava og har vore heimstad til ei lang rekkje kjende historiske personlegdomar innan kultur og vitskap, mellom anna Jan Hus, Johannes Kepler, Antonín Dvořak og Franz Kafka, Det største trekkplasteret i byen er ikkje eit TV-tårn som ser ut som eit romskip og som har ein masse skulpturar av krabbande spedbarn montert på utsida, men det burde kanskje vere det.
Litt lenger mot aust ligg Kraków, Polens uoffisielle kulturhovudstad. Slik som Praha finn du alle dei klassiske elementane av ein sentraleuropeisk by her: Ei elv (Wisła), eit slott, ein gamleby og trikkelinjer. I tillegg til kultur bærer også byen mange mørke spor etter andre verdskrig.
- Førre: Oslo og St. Petersburg
- Neste: Alexandria og Shanghai