Hopp til hovudinnhaldet
Ekvinor

Alexandria og Shanghai

Ved den egyptiske middelhavskysten ligg ein by som den legendariske Alexander den store grunnla for meir enn to tusen år sidan. I si tid var byen heim til eit av antikkens sju underverk, eit over 130 meter høgt fyrtårn som heldt stand heilt til 1300-talet. Det var også eit stort bibliotek i Alexandria som gjekk til grunne allereie i antikken, under uklare omstende. I nyare tid har dei bygd eit nytt bibliotek, som er teikna av det norske arkitektfirmaet Snøhetta.

Ein annan kystby er Shanghai, den folkerikaste byen i Kina, ved munninga av elva Yangtze. Shanghai har ein berømd skyline, som mellom anna inneheld eit futuristisk tårn med digre kuler, og ein skyskrapar med eit digert hòl i toppen. Namnet på byen er også eit verb med noko tvilsam tyding. Å sjanghaie nokon er å skaffe seg arbeidskraft ved hjelp av ikkje heilt gjengse metodar.

Shanghai har også ein drøss med vennskapsbyar, deriblant Oslo og (trommekvervel) Alexandria.