Manaus og Kilimanjaro
Manaus er ein storby langt inne i dypaste regnskogen, ved bredden av Amazonas. Over to millionar folk bur der, og på grunn av den avsides plasseringa til byen tek dei fleste båt eller fly når dei skal andre stader i Brasil. Eit av byens trekkplaster er eit operahus som vart bygd på høgda av ein gummiboom på slutten av 1800-talet.
Kilimanjaro er det høgste fjellet i Afrika, og ligg i Tanzania nær grensa til Kenya. I julesangen Do They Know It's Christmas? syng dei at det ikkje kjem til å vere snø i Afrika denne jula. Det er ikkje riktig, for på toppen av Kilimanjaro er det i snitt minusgradar året rundt, og det kan kome snø når som helst.
- Førre: Zanzibar og Jakarta