Austin og Petra
Austin er ein heilt Texas by. Så Texas er han at Texas har valt han som hovudstad. Elles er Austin mest kjend for at den amerikanske versjonen av NRK-serien SKAM, med det kreative namnet SKAM Austin, er sett der.
Enno har ingen laga ei jordansk utgåve av SKAM, men om nokon skulle gjere det, er det lite truleg at dei legg ho til Petra. Petra er nemleg slett ingen moderne by, men ein ruinby frå oldtida, og eit av verdas sju nye underverk. Han er titt og ofte å sjå i media utan samanheng med SKAM, mellom anna i ei Agatha Christie-bok, eit Tintin-album og ein Indiana Jones-film.
- Førre: Manaus og Kilimanjaro