Hopp til hovudinnhaldet
Ekvinor

Om Ekvinor #

Det fins mange stader i verda, og nokre av dei ligg på same breiddegrad, altså like langt mot nord. Ofte kan ein bli overraska over at stader ein trudde var forskjellige som natt og dag, har ein ting til felles – dei ligg like langt mot nord.

Namnet Ekvinor kjem frå prefikset ekvi- og ei forkorting av himmelretninga «nord». Det er også til dels ein parodi på alle verksemdene som har «nor» som ledd i namnet sitt, som Bane NOR, Avinor, Telenor osv.

Bloggaren heiter Stig og har heimeside på stigjohan.no.

Har du ris, ros eller andre innspel? Send eit elektronisk brev til hei@ekvinor.no.