Hopp til hovudinnhaldet
Ekvinor

Windhoek og Rio de Janeiro

Windhoek, hovudstaden i Namibia, høyrer ein sjeldan om. Landet er tynt folkesett, og har drygt halvparten av folketalet til Noreg. Windhoek ligg 1650 meter over havet, så strandlivet kan neppe måle seg med Rio de Janeiro på den andre sida av Atlanterhavet. Rio er ein storby vidkjend for karneval og sambamusikk, sandstrender og ein diger Jesus-statue på toppen av ein av dei mange fjelltoppane i byen.