Hopp til hovudinnhaldet
Ekvinor

Los Angeles og Fez

LA, City of Angels, eller ein evig trafikkork – kjært barn har mange namn. Byen er heimstaden til den amerikanske filmindustrien, og eg kan nærast garantere at du har sett ein film som er spelt inn her. LA har også vore vertskap for to olympiske leikar, i 1932 og 1984, og skal vere det igjen i 2028. Det legendariske Hollywood-skiltet har krympa med tida, for opprinneleg sto det Hollywoodland. Kor vart det av dei siste fire bokstavane? Ikkje i Marokko, i kvart fall. Men byen Fez i Marokko finn du på same breiddegrad som Los Angeles. Her ligg universitetet ved al-Karaouine, som har eksistert sidan 859 og er verdas eldste institusjon for høgare utdanning. Hodeplagget fess, ein raud filthatt med svart dusk og utan brem, har namn etter Fez. Her fekk også Thorbjørn Egner inspirasjon til å skrive om Kardemomme by.