Sapporo og Niagarafallene
Sapporo er den største byen på den nest største øya i Japan, Hokkaido. I 1972 var byen vertskap for dei første olympiske vinterleikane i Asia. Det snør mykje her om vinteren, og byen held kvart år ein snøfestival som trekker opp mot to millionar gjestar. På eit annet kontinent ligg Niagarafallene, på grensa mellom Canada og Sambandsstatane, og er ein populær turistattraksjon. Av ein eller annan grunn er det ei greie å sette utfor den største fossen, Horseshoe falls, i ei tønne. Den første personen som gjorde dette var Annie Edson Taylor i 1901, og ho sa etterpå at ingen burde gjere det att nokonsinne. Eg tilrår å ta henne på ordet.
- Førre: Los Angeles og Fez
- Neste: Titicaca og Sankt Helena